Hestenes
 
Startside
Hestenes
Slektsstevne
Anetavle
Sommartreff 2006

 

Hestenes-ætta på Fure

 

Ei slektssoge gjennom 450 år

  

I sumar; 1938, var det 200 år sidan Kristoffer Hanson Hestenes frå Gloppen vart gift til Indre - Fure på Stad,og dermed vart ættfar til den store Fureslekta. I desse 200 år har Kristoffer Hanson og Hans Kristofferson skift utan avbrot på garden. Frå 1850 av same sjølveigarar. No sit 7. mannen med garden (på hit halve bruket den 6.).

Men ellers er slekta spreid yver heile Stadlandet  - ikring i Nordfjord og i landet elles, ja ogso i Amerika. Lykelen til denne slektsoga fekk eg hos morbror min ein sumarmorgon i 1899 då han rodde meg inn til Drage. Han fortalde nemleg då um alle dei som hadde sete medgarden, kor gamle dei vart o. m. Eg skreiv det upp etter minnet same dagen, året etter fekk eg høve til gransking i Bergens Statsarkiv både um slekta og anna. Og det synte seg då at dei upplysningane eg fekk den morgonen var heilt litande, og gav eit godt grunnlag for slektsoga. Når eg no set dette utdraget her i bladet, er det fordi ei mengd av eldre og yngre herigjenom kan få greide på ætta si og so for å gjeva andre tilskunding til å arbeide med si ættesoge.

 W. K

 

 

Hestenes

Innanfor Hestenesøyra - var ein stor og god gard med mange bruk alt på 1500 -talet. Etter tingsvitne i ei skiftesak 1645 var Anders Hestenes ( f. ca. 1490 ) ein velstandsmann, som åtte 1/3 av Hestenes og dertil 1/3 av Eikenes. Sonen Rasmus fekk Eikenes og andre sonen Ola, fekk Hestenes.

Sonesonen hans Ola, Anders Pederson, var ein mykje vyrd mann.

Han er soleis fleire gonger nemnd som lagrettemann og var den eine av dei to bøndene som frå Gloppen vart send til Kristiania i 1661 og skulde hylla Fredrik den 3. som norsk arvekonge.

Ein annan soneson var Ola Pederson, som fekk tvo døtre gifte til Fure på Stad, Malena til Ytre-Fure og Ane til Indre-Fure. Og bror deira, Peder Olson, sat med farsgarden. Ei av døtrene hans Peder, ho Brite, vart i 1697 gift med Josef Rasmusson Indre-Fure. Og deira dotter Ane var det som for 200 år sidan vart gift med Kristoffer, syskinbarnet. Bror til Brite, Hans Pederson Hestenes, åtte saman med broren Knut, farsgarden på Hestenes (Per-bruket). Av borna hans Hans vart ei dotter gift til Davika, ein son til Torvanger, ei dotter til Rydland. (Ein farbror var då alt busett på Grotle), og Kristoffer flytte til Fure som nemndt. Men broren Josef vart sitjande med farsgarden på Hestenes, og sonen Peder etter honom att, og dotter hans Peder att, ho Brite, som døydde i 1926, 84 år gamal. Hennar son Peder Hanson Hestenes sit no med bruket.

 

Indre - Fure

ligg på ei flate nede med fjøra under Furehornet utanfor Drage, med bratte fjellet til båe sidor, so ein sovidt kan gå stranda lausreipa høgstdags. Men der er lune i mangslags ver, og ein har årevisst fått mogne eple nede mot havbrotet. Elles er det mest sjøen dei liver av, og so krøterhald, for der er bra beite for sau og geit. Der bur no fleire huslyder på Indre-Fure, og alle husa står i  ei krull saman med nausta ikring einaste landingsplassen. Lengst nede står "Gamlestova", vel den eldste ute med havet no, utan glas og berre med ljorehol i taket, og so kokeplassen som ein tverpall ved inste tverrveggen. Ho er godt verna og halda ved lag. - I det heile har den ættgreina som sat att på Fure verna godt um alt frå gamal tid. Dei elste fråsegner um Fure (Ytre og Indre) gjeld tvo Voldaprestar som var fødde her, og so klokkaren Ola Josefson, som vart ættfar til alle Voldaklokkarane mellom 1600 og 1827.

Den fyrste lutherske presten i Volda, Jens Jakobsen, skulde vera fødd på Fure ca. 1520. Hans ettermann Peder Rasmussen, som var gift med sonedotter hans Jens, var ogso frå Fure. Han døydde 1640. Um hånom skreiv eg ifjor i "Kirke og kultur" og i "Nordfjord Folkeblad".

Abraham Indre-Fure er nemnd 1651.
Etter segna skulde son hans ha gått presteskulen, men torde ikkje gå inn under det store ansvaret å vera prest. Han gav seg til snikkar og byggningsmann. Han vart ihelstukken uppe i Nordland fortel segna, av ein arbeids-kamerat, som avunda honom og lurde seg på hånom attanfrå. Det skal for ikkje so lenge sidan ha funnest ymse utskore arbeid frå hans hand på Fure. Yver ei dør står denne innskrifta, støypt i malm: BENEDIECAT NOBIS PATER FILIUS SPIRITUS SANCTUS.

D.e.: Velsign oss, Fader, Son og Heilagande.

Morbror min fortalde at denne innskrifta var innskoren yver ei dør før i tida, men vart so seinare kosta støypt i malm. Ja - det var rimeleg at ein snikkar som var prestelærd sette ei slik innskrift - og på latin.

Rasmus Larson hadde heile Indre-Fure i bygsel av Selje prestekall. Han døydde 1728. Kanskje var han sonesonen hans Abraham. Rasmus hadde tvo søner, Jakob og Josef, som bygsla kvar si halve av Indre-Fure. Ætta hans Jakob sat lenge på garden. Men eg har ikkje fulgt henne lenger enn til 1800.

Men me skal no fylgja ætta hans Josef Rasmusson Fure.

 

Josef Rasmusson Fure

Fyrste kona hans, Solvei, døydde 1695. Då gifte han seg med Brite P. Hestenes. Han kom burt 1713 saman med heile båt-laget ute på havet ein godversdag. Og det var ei gåte korleis det hadde gått til. Josef etterlet seg 4 døtter: Ane, Sølvie, Brite og Rebekka. Der var ingen velstand på garden, for kvar av dotterne fekk berre 6 riksdaler, 1 ort og 9 skilling i farsarv. I skiftet er ogso nemnd ei kårde. Enkja hans Josef gifte seg uppat med Truls Janson som hadde tent der i lang tid. Då ho døydde i 1743, gifte Truls seg ogso uppat, med den 50 år gamle Magnhild Olsdtr. Hestenes.

Som ein ser, var der nøgje samband millom Fure og Hestenes alt på 1600-talet. Ane Josefsdatter vart gift med syskinbarnet sit Kristoffer Hanson Fure (f. 1711 – d. 1795)

Kristoffer Hanson Fure (f. 1711 – d. 1795).

Født 1711 på Hestenes. Etter segna skulle han ha 6 skilling inknytt i snippen av ein halsklut da han kom til Fure. Men han var likevel av velstandsfolk, og i 1740 utlagd sin arvelut i Hestenes då broren fekk skøyte på garden. ( Skøyta finst på Hestenes enno).

Kristoffer slo seg upp på Fure, serleg med dei rike torskefiske i Sildagapet ut etter 1700-talet.

Då Ane døydde i 1747 (då ho fekk sonen Truels) ( på barneseng ) og han gifte seg uppat med Ragnhild Andersdatr. Hoddevik, og då han heldt skifte, var buet på ikring 400 rdlr. Det var mykje den tida. I 1750 fekk han på tinget skotpremie for gråbein.

Kristoffer døydde i 1795, 84 år gamal. Han fekk i skuronna ei rift i ein finger, som det sette seg blodforgift i og førde til døden.

 

 

 

Borna til Kristoffer Hanson Fure f. 1711 av 1. ekteskap med Ane d. 1747:
1. Dorthe f. 1737 d. 1737. Døde 11 veker gammale.

2. Dorthe f. 1739, gift første gang med Mons Monson. Gift 1767 med Eirik Jacobson Djupedal f. 1731, livde enno i 1808. Eirik blei også kalla Erke, også Gamle Erik.

Deira dotter Ane vart gift med Johannes O. Borgundvåg, og fekk i 1800 ei dotter Dorthea. Sonen Kristoffer Eirikson Djupedal, f. 1776, vart 1805 gift med dotter hans Sætre-Jøsup, ho Marte. Deira Dotter var Marte. Marte vart sidan uppattgift med bror hans Kristoffer, han Jakob. Denne ætta sit enno i Djupedalen ( i Hamrebygda i Selje ), og namna Jakob, Kristoffer og Marte er nytta der fremleides.

3. Brita Kristoffersdatter vart gift til Haldorstova i Hoddevika.

4. Rachel f. 1742 d. 1812. Gift med Josef Paulson.

5. Josef Kristofferson Gryting, f. 1742 gift 1795 med Synnøve Hansdotter, bygsla Gryting i 1798. Dei hadde ingen born i 1706, men ætta sit der enno - og Josef-namnet er der og.

Der var ogso ein Kristoffer som var spelemann og lærde upp han Velum i Sildene, han som umkom ved forlis i 1862.

Kristoffer var busett i Silda og gift med syster hans Velum.

6. Truels f. 1747 d. 1747 døde 12 dager gammel 29/9 1747.

Borna til Kristoffer Hanson Fure f. 1711 av 2. ekteskap med Ragnhild Andersdatter f. 1732:

1. Anders f. 1750 d. 1750. Død 8 dager gml 12.7.1750

2. Peder f. 1752 d. 1752. Død 8 dag gml 30.01.1752.

3. Ane f. 1754 d. 1754. Døde 9 dager gml 17.03.1754

4. Ane, gift med Pål Pederson Ervik (Paul Pederson)

5. Hans Kristofferson Fure ( Gamle Hans ) f. 1758 – d. 1843, vart busett på Fure - um hånum seinare.

6. Joseline Kr. datter Fure f. 1761, d. ugift 1805, har ei merkeleg soge som er prenta Kjøbenhavn i 1793. Um henne skreiv nemleg prosteenkja Sara Frimann ( f. Cold ) i Selje, mor til Claus Frimann, i 1792 eit brev, som året etter vart prenta i "Galleri for Fruentimmer" i s. 335 - 42:

"At jeg lærte Cristoffer Fures datter Joseline å skrive, er ganske visst, og hun har slett ikke hatt undervisning av noen annen, etter det hun selv sier.    

Anledningen var denne: Da min sønn Johan (dr. med. i Trdh.) var hjemme, kom hun hitt ( dvs. til enkesetet Hammersvik i Selje) for at søke råd hos ham for sin syke fot (for hørselen var ingen råd at vente, da det allerede var blitt så gammelt).

Han skrev da til byen etter noen medisiner for henne. Da hun fikk dem, kom foreldrene hit med henne, og bad om at hun måtte få være hos mig i den tid hun brukte disse lækemidler.

Da hun var her noen uker, sa hun ofte at hun hadde slik lyst til at lære å lese skrift. Siden hun slett ikke kunde høre hvad folk sa til henne, tenkte hun da å få vite hvad de vilde si henne, når det var skrevet. Aa lese i bok hadde hun lært før hun mistet hørselen. Jeg tok da straks for mig å skrive op de fleste bokstaver, og tok så en trykt A B C- bok og viste henne hvert bokstav, et av de trykte og et av de skrevne. Derav lærte hun så meget, at hun leste det som var skrevet, når dette ikke var altfor vanskelig. Deretter vokste hennes lyst til selv å lære å skrive. Og så måtte jeg lære henne å skrive bokstavene, noen personnavn, noen gårdsnavn, litt sammennskrift osv. Deretter har hun selv øvet sig så meget at man lett kan forstå hvad hun skriver. Hver sommer gjør hun et besøk hitt en 14-dagstid, og da vil hun alltid lære noe. Hun er et svært skikkelig menneske, gudfryktig, lærevillig, har god forstand og godt minne til å lære alt det som henne kan være fonødent å lære". 

Så langt fru Frimanns brev.

 

Denne undervisningen må ha gått fyre seg ca. 1780 - 82. "Siden den tid førte de to (skriv prost W. Fr. Koren i "Morgenbladet" 19. febr. 1887) brevveksling så lenge begge levde. Der var et inderlig vennskap mellem de to kvinnene. Og prostinnen var vel for Joseline ett av de få lyspunkter i hennes ensomme tilværelse, avskåret som hun var fra å høre menneske-stemmer. Hun fortalte Joseline om sine sønner og om livet ute i den store verden. Etter prostinnens død i 1800 sørget Joseline dypt over sin tapte venninne. 5 år etter fulgte hun henne i graven".


 

Der skulde ikring 1860 på Fure finnest ymse som Joseline hadde skrive. Eg har ogso ei rosemåla treskål med innskrifta "Joseline Christofers Dotter Fure 1784".

Det er truleg at prostinne Frimann sjølv har måla henne, for me veit at ho dreiv mykje med måling (Der står bilete av skåla i "W. Kvalheim Tavleteikning".      

Soga um Joseline er ellis forvitneleg på den måten, at ho let oss vita at på Fure var folket ikr. 1780 so dugelege i å skriva at dei skreiv det dei vilde segja.

Her er vi funne bilde av denne skåla, i boka som Wilhelm skreiv:

Boka Heter: Tavleteikninger av Wilhelm Kvalheim, han var overlærer ved Voldas lærarskule, utgitt i 1932.
Øverst på side 37 står tekst til Denne tavletegningen, nr 3 og 4 er skåla. Tegnet.

 

 

Hans Kr. Fure  (Gamle-Hans f. 1757 d. 1843)

Gift med Magdelie Knutsdtr. Ervik (Av Torbjørnstova) f. 1760 Ervik d. 1824. Han bygsla 1781 halve Indre-Fure etter faren. I 1781 kjøpte han  1/4 av Selje og Vågsøy Kjyrkjer for 130 spdlr. av Rasmus R. Hoddevik.

Hans var ein stillfarande mann som det ikkje er fortatlt mykje um.

Hans og Magdeli hadde 3 born:

1.  Kristoffer f. 1788, vart sitjande på Fure. Gift med Magdeli Olsdatter. Sjå nedanfor.
2.  Marte f. 1791 gift med Ola Olson Ervik
3.  Ragnhild f . 1794, Gift med Samunde-Hans på Drage. 

Samunde-Hans bruka segja: "Der kjem Furane med sine raudeføter  - som kjelden". Furane sverta nemleg ikkje sjøstyvlane sine den tida, men let dei ha borkeleten. Både Ragnhild og Samunde-Hans døydde i 1860- åra. Deira son Hans var gift med Anne Hoddevik (frå Skråmstova). Han døydde året etter faren.

Dotter deira, Rasmina hadde skøyte på garden på Drage.

Ho vart gift med Røys-Anders. Då ho døydde, gifte Anders seg med syster hennar, ho Røys-Entse. Ei onnor syster, Sare, vart gift med han Randi-Ola i Hoddevika.   

Kristoffer Hansson Fure f. 1788 d. 1864 (Gamle-Kristoffer eller Gamle-Furen). 

Slekta nytta fyrste kjenningsnamnet og folk flest det andre.

Han var fødd 1788 og døydde 1864, og var ein uvanleg upplyst, dugande vyrd mann. Han var og ein av dei fyrste 4 valmennene frå Selje i 1814 og 1815 (ikkje riksmøtet).

Den tida var der mykje villdyr på Stadslandet, gråbein, gaupe hjort o.m. Og Kristoffer var ein veldig jeger. Han drap soleis 18 gauper, for det meste med sjølvskot. Bestemor mi, som var der i huset i 45 år medan han livde, fortalde um dette.

Ein sundagsmorgon kom han heim med ei gaupe sa ho, som var so stor, at når han la framlabbane upp på herdane, so rakk bakføtene ned i golvet.

No veit vi at nordpå kallar dei ho-rev og ho-ulv for gaupe. Men dei fortalde på Fure både um gråbein og gaube, og skjilde etter leten på skjinnet millom "Katt-gaupe" og "Rev- gaupe". Serleg skulde fyrste slaget ha eit kostesamt skinn. So det må nok ha vore verkeleg gaupe.

Han skaut ogso gråbein, rev og oter, vart det fortalt. Børsene hans er enno på Fure, veldige muskedundrer som du kan stikka tumarsfingeren inn i pipa på.

Kristoffer hadde skaffa seg ei bra boksamling, ikkje berre av religiøs litteratur. Han hadde ei uvanleg god handskrift, og skreiv godt og lett for seg, enda han aldri gjekk på skule. Der finst enno brev han har skrive i sitt 73. år. 

Eg fortalde i 1933 i ymse blad um då han skræmde nokre villstyrige ferdamenn med den forsegla Svarteboka.

Det var elles ikkje anna enn Holbergs Kirkehistorie i svart skinn-band, og forhøvet forsegla med skotråd og beksegl. Ho finst enno på Fure - med merket etter forseglinga. Men ordet gjekk langt nordyver Sunnmøre, at Gamle-Furen hadde Svarteboka.

Han var ein velstandsmann, ja kanskje rik for den tid å vera.

Da det beneforserte godset tok til å verta selt i Selje frå 1830 av, kjøpte han gardar i Revik, Venøyna, heile Flister, i Grotle (Bremanger) og fleire stader, vistnok etter avtale med dei som sat på gardane og som sjølve ikkje makta kjøpa. Gardane vart so etter kvart selde til brukarane. Men Grotle var i Fure-ætta sit eige ogso etter 1900. Indre-Fure vart derimot kjøpt av sonen hans, Ola, i 1849, og so selde han halva til broren hans i 1850.

Kristoffer Fure lånte ogso ut pengar til gardkjøp, m.a. til Bjørke-dalen i Volda. 

Kristoffer var ein av prost W. Fr. Korens beste vener ( Koren var prest i selje i 48 år -1826 - 1847). I "Morgenbladet" 1887 skriv Koren um "Gamle prestefruer i Selje". Og artikkelen sluttar han soleis: "Hvad jeg her har meddelt skjylder jeg hovedsagelig en bonde i Selje, Kristoffer Hanssen Fure. Han var begavet med en lykkelig hukommelse om de gamle prester og prestekoner. Då han snart blev en av mine beste venner, hadde han godhet på min anmodning skriftlig å meddele mig alle sine erindringer. Hans meddelelse skal senere bli oversent Riksarkivet".

(Men det er nok burtkome. Korkje Riksarkivet eller Koren-ætta har funne det). I eit brev til far min frå 1864 segjer Koren um Kristoffer Fure, som do nett var død: "Han var en ualmindelig begavet og opplyst mann".

Kr. H. Fure vart gift i 1812  med Magdeli Olsdatter Ervik f 1788 (frå Haldor-stova). Magdeli døydde i 1862. Dei hadde 5 born, 3 vaks opp.

1. Mette f. 1812 d. 1812

2. Magdeli f. 1814 d. 1814

3. Hans Kristofferson Fure, f. 1815, d. 1875 umtala nedanfor.

4.Marte Kr. datter, f. 1818, gift med Hans H. Salt. Flytte til Salt.

Ho døydde ung. sameleis 3 av dei 4 borna hennar. Berre Pernille var att og sat med garden i Salt. Ho vart gift med handelskar Sjur Liland frå Voss. Han dreiv handel både i Salt og på Leikanger, Stad. Det er fortalt at han kvar helg bar varene han hadde bruk for på Leikanger i ei stor skreppe yver Skarfjellet.

Større tarv var der ikkje til krambuvarer i 1870-åra på Nordstranda. Sjur døydde i 1915. Pernille var død fyre. Dei hadde mange born. Hans tok garden eter foreldra, og Oluf flytte til Færstad.

5.  Ola Kristofferson Fure f. ca. 1820, var gift med Sare Pedersdatter fra Ytre-Fure. Han og broren kjøpte Indre-Fure i 1849 og bytte garden melem seg, men med mange teigar upp gjenom bakkane. Sonen hans Ola, Peder Olson Fure i døydde i 1935 -87 år gamal. Han var ei tid i bokprentarlære, og var ein upplyst og mykje lesehuga mann, som ogso skreiv mykje i lokalblada.

Der var halde utskjifting i 1890 -åra mellom dei to Indre-Fure bruka. No har dei tvo sønene hans Peder, Ola Pedersen Fure og Hans Pedersen Fure bytt dette bruket mellom seg att.    

Hans Kristofferson Fure, f. 1815, d. 1875
vart gift med Entse Jonsdatter Lidasete, f. 1815, d. 1898. Mor hennar, Marte Pedersdatter var frå Årvika. Ho hadde mykje slekt i Vanylven, samangift med den store svenske preste og lensmann-ætta, Hellekande. Men eg kan ikkje finne at Marte beinveges var ætta frå den.

Entse vart saman med tvo syskin, far- og morlaus i 4 -årsalderen.

Formyndaren hennar, Kristoffer Fure, tok henne då til seg og i 1838 vart ho gift med sonen hans. Farsarven hennar var då auka til 85 spdlr. Skiftet etter Jon Lidasæte (av 1819) finst enno.

Entses syster Pernille vart gift med Torbjørn Ervik. Dei flutte til Flugevågen i Vanylven. Dotter deira, Marte vart gift med Nils N. Flugevåg. Dei hadde 6 born. Den yngste, Marie, vart i  1899 gift med Johan Honningsvåg. Dei er no bureisningsfolk på Hustad. Ætta hennar Pernille sit enno i Flugevågen.

Entses bror, Nils, vart gift med Lene Færstad. Sonesonen Peder Janson sit no med denne garden.     

Hans Kristofferson Fure og Entse Jonsdatter hadde 7 born, berre 6 vaks opp og vart gifte.:

1.  Kristoffer H. Fure f. 1839, d. 1909, gift med Marte Olsdatter Strand, f. 1842, d. 1912.

Han hadde stor interesse for slekta og garden si soge. og hadde uvanleg godt minne. Mykje av fortelnadene framanfor er frå han.

Dei hadde 6 born: Hans yvertok garden, var gift med Malene Apaslett, og døydde i 1926. Ein av sønene, Kristoffer, har no garden. Det er 4. Kristofferen på garden og 7. mannen desse 200 åra. Jonas flutte til Otneim, er død. Petra er gift i Hoddevika. Entse er gift på Fure, Marta gift i Osmundsvåg, Kristofina, gift, utvandra til Amerika. Alle desse har born, dei fleste ein heil  flokk.

2.  Johanne Marie Hansdatter f, 1841, d. 1884, utlærd skreddar, gift med kyrkjetenar Ole N. Kvalheim på Røysa, Vågsøy.

Han var fødd 1836, var lærar 1853 - 1894, døydde 1897.

Av dei 8 borna deira lever 4 no: Lærar H. Kvalheim (Sem).

Entse og Johanne på Røysa og lektor Wilhelm Kvalheim (Volda).

3.  Magdalena Hansdatter f. 1843 d. 1928, Gift med Aslak Hoddevik, f. i Pileberget 1838, d. 1931.  Dei hadde 8 born som alle vart gifte, 7 av dei på Stadlandet: Hans tok farsgarden i Hoddevika, Marte gift på Sande, Annanias handelsmann på Leikanger døydde 1933, Johanne (Årvik) gift på Leikanger, dreiv landhandel, døydde 1918, Marie gift i Årvika.

Entse gift med lektor Kvalheim, Anna gift, døydde 1909.

Kristofina gift på Apalset. Alle desse (so nær som Anna) har mange born, i alt yver 50. Fleire av desse er ogso gifte, og sume har ein stor barneflokk.

4. Dorthe Hansdatter Fure født 1846 død 1901 gift med Amund A Hoddevik  født 1841 død 1903. 6 born hadde dei.

 

Kristoffer har farsgarden gift med Jensine J. Ytre Fure. Hans var lærar døydde alt 1894. Alette gift i Randistova med Mathias Jetmundson. Entse Smørdal gift på Skarhaug Eid. Marthe gift i Amerika. Jonnas og i Amerika.

5. Marte Danela født 1847 død 1847

6.  Marte Oline Hansdatter f. 1849, d. 1885, gift med Ola O. Sande i Gloppen. 4 born: Ola O. Sande f. 1877, lærar i Gloppen, stortemplar i Norges storlosje av I. O. G. T., gift med Marie J. Bausæt, 2 søner. Brite O. Sande, sykepleierske død ca. 1930. Hans Sande har farsgarden.

Mathias døydde ung.

7. Entse Kanutte Hansdatter født 1851 død ca 1938. Gift med lærar Hans Kvernevik, født 1846. Dei bur no på Øyra begge sønene i Flister, Anders og Hans. Dottera Entse er gift med L. Herman som bur Straumen Barmsund. Der bur også den gamle Skule-Hans i det 93.året. Fleire av borna til Hans døydde som små. Hanna døydde i 20 års alderen.

 

Dette er av opptegnelsar til W. Kvalheim i desbr. 1938

Henry Hansson Fure

 

 

Tillegg fra nyere tid

Kristoffer Hanson f. 1839 d 1909 gift med Marte Olsdatter Strand f. 1842 d. 1912.

Barn:

 

  1. Hans Olai f. 1870 d. 1925. Gift 1897 med Malena Monsdatter Apalset.
  2. Jonas Elias f. 1872 d. 1932. Gift 1897 med Ane Samuelsdatter Dybedal busett Otnheim.
  3. Petra Alette f. 1875 d. 1955. Gift 1898 med Anton Mathias Anderson Hoddevik
  4. Entse Marie f. 1877 d. 1971. Gift 1903 med Ole Mathias Jetmundson Ytre Fure, busett Fure.
  5. Martha Kristine f. 1880 d. 1973. Gift Hans Fure Osmundsvåg. Budde Osmundsvåg, Selje, Søreide, Fana.

Kristofina Elisa f. 1884 d. 1976. Gift August Jetmundson Totland. (Emigrerte til Amerika, Regina, Saskachewan, Canada.)

(Bruk tilbaketasten for å komme til sida om Slekta igjen) 

 

Dette området ble sist oppdatert 29.03.06.