Husa på Indre Fure                                               

Etter nedteikning fra Else Fure har eg laga dette kartet.  Teksten under beskriv kvart hus. Før i tida var det vanleg å flytte heile hus, ja til og med halve:) Her kan du ta eit dykk i historia til garden.

Husa på Indre Fure

Før og etter utskiftinga
Utskiftinga gjekk føre seg omkring 1890. 

Gamlestova til Hansane
stod på ”Nedstetunet” nedanfor Hansestova. Fleire hundre år gamal. Det var ei årestove med ljore i taket. Veit ikkje kva tid ho vart oppsett, heller ikkje kor langt fram i tid dei brukte ho som våningshus. Gamlestova vart riven på slutten av 1950-talet.

Hansestova
Kan ha vore bygd ut i 1830 åra eller tidleg i 1840 åra. Påbygd i høgda, i si noverande form, fyrst på 1920 talet. 

Hopestova/børsstova/glasstova
var eit hus i to høgder som stod mellom noverande Hansenaustet og Perstova. Huset vart delt. Eine høgda er i Øvstestova til Hansane, den andre er instestova i Perstova. 

Øvstestova til Hansane
Ho er eine høgda av Hopestova (sjå ovanfor). Veit ikkje kva tid Øvstestova vart oppsett, men ho var der før Entse (f. 1877) si tid. Andre halvparten av Hopestova vart også flytt og vart til instestova/insteenden av Perstova, som vart bygd i 1869. Delinga og flyttinga av Hopestova kan ha vore gjord då Perstova vart bygd, i så fall vart Øvstestova oppsett 1869/70. Flyttinga kan også ha vore gjord tidlegare. Dette er det dessverre ingen som veit noko om. 

Hansestabburet vart truleg bygd lenge før 1800.

Hanselada
stod mellom Hansestova og Hansenaustet. Flytt/bygd ny der ho no står, i fyljge Peder, i 1903. Ho var lita (kort på lengda) og hadde ramen mot sjøen. På tufta etter den gamle Hanselada laga Hans (bestefar til Kjell) ein bærhage. Der var også fine blomstrebed, m.a. eit rundt og eit kvadratisk. Dei planta tre som voks seg svært høge. Hagen låg der til vegen kom, og restane av lademuren kan vi sjå langs naustkrøpet. Den store steinen som båtspelet står på var hjørnestein i lademuren.

Kufjøsen til Hansane
stod der Hanselada er no. Muren nedanfor lada vart kalla ”Dungen”, det var der fjøsdungen til gamlefjøsen var. Fjøsen vart truleg flytt til sin noverande plass i 1903.

Kufjøsen til Perane
stod der Hansefjøsen er no, han vart flytt  ca 1895, då noverande Perlada vart bygd, og kufjøsen til Hansane vart seinare flytt opp der, truleg i 1903.

Saue- og geitefjøsen
til Perane stod ovanfor kufjøsen til Perane. Det var eitt hus, det same som no. Sauene var i inste enden. Fjøsen vart flytt ut der han no står og brukt til geiefjøs, fyst av Perane, og seinare også av Hans P.  Hans hadde inste enden til geitefjøs då han fekk sin part av Perjorda.

Vedhuset til Hansane
stod der det no står. Veit ikkje kor gamalt det er. Doet vart bygd attåt i 1932.

Lisjelada til Hansane
stod nedanfor Jørnstova, med berre eit gangrom mellom stova og lada. Ho var brukt til lade, for den gamle Hanselada var lita. Det var ope rom nedanfor under Lisjelada, og det var snautt for Jørnfolket å smette rakved innunder der.

Då dei flytte Lisjelada, mura dei rom under henne. Ola (far til Peder) var med Hans og mura og laga til grisehus til Hansane og Olaane der. Ola kom hit frå Ytre Fure då han gifte seg med Entse frå Hansestova i 1903. Peder (f. 1904) hadde ei erindring om Lisjelada slik ho stod ute i tunet. Den nye Hanselada var så stor at dei hadde ikkje bruk for Lisjelada til høylada, så ho vart teken i bruk til geitefjøs.

Jørnlada
som gjennom åra også vart heitande Martineslada og Andrianalada, stod utanfor den gamle Perlada, der ku-dungen til den noverande Hansefjøsen er. Då dei bygde Hansefjøsen, måtte Jørnlada rivast, og ho vart då flytt lenger ut og opp, utanfor noverande Lisjelada. Drivhuset til Hansane står på murane etter Andrianalada.

Jørnstova,
seinare også kalla Martinesstova, Andrianastova og Reinhardtstova, vart oppsett av Jørn og Kristi truleg i 1840 eller tidleg i -40 åra. Eldste barnet deira, Rasmina, vart fødd 3.februar 1841. Det var ei lita stove som Jørn hadde kjøpt inne i fjorden. Der var ikkje glas nedanfor, berre ovanfor, i kammerset, og ljoren. Gangdøra var i inste enden, og der var det ei stor steintrapp. Huset vart påbygd på høgda og fekk glas på nedsida i 1918 (-19?) og påbygd att både på høgda og lengda i 1947. Ved fyste ombygginga tok dei bort ljoren.

Perlada
stod der Olastova står no. Perlada vart flytt/bygd ny og større ca 1895, der ho står no, med kufjøs og sauefjøs under.

Olastova
vart bygd i 1905 på tufta etter Perlada. Ola og Entse gifte seg i 1903, og dei to fyrste åra budde dei i koven i Øvstestova til Hansane. Ola var frå Ytre Fure. Entse var frå Hansestova. Det var faren Kristafor og broren Hans som overtalde dei til å busetje seg på Fure, dei ville ha ein fiskar til med på båtlaget. Entse og Ola hadde elles planar om å kjøpe seg jord ein eller annan stad i bygdene.

Gamlestova til Perane/Skulestova
Vart oppsett 1849/1850 av Ola og Sare (oldeforeldra til Signe). Dei budde om lag 20 år i det huset, (somme seier 10 år). I 1950 vart det ombygd til skulestove. Det var skule der i elleve, kan hende tolv år. Perane hadde attkjøpsrett til huset, og det er no i Signe sitt eige, som gardsmuseum.

Perstova
Vart bygd i 1869 (eller kan hende ti år tidlegare?). Instestova er eine høgda av Hopestova som stod mellom Hansenaustet og noverande Perstova.

Smia til Perane
Veit ikkje kva tid ho var bygd. Ho vart riven tidlegast 1948, sinast 1950 då dei bygde Gamlestova til skulestove. Eit vedahus vart oppsett på same staden. Vedahuset vart rive for å gje plass til vegen gjennom tunet, seinast 1966. Det var sett opp som hønsehus utanfor elva.

Perstabburet
Vart bygd etter at Gela (Agela) kom på garden, gift 1895. Altså mellom 1895 og 1900. Perane hadde stabbur tidlegare også, veit ikkje kvar det stod.

Huset til Hans og Astrid
Vart bygd i 1930.

Sjøbuda til Perane vart truleg bygd i 1870-åra, av Gamle-Ola.

Jaktenaustet stod der Hansenaustet står no. Dei reiv Jaktenaustet og bygde nytt naust etter utskiftinga.

Båtenaustet stod der Pernaustet står no. Også dette vart rive, og dei bygde nytt naust, etter utskiftinga.

Kvennhusa
Veit ikkje kva tid dei som står no vart oppsette. Kvennhus må der ha vore på garden langt attende.

 

 

 

 

Området ble sist oppdatert 01.10.06.