Gamlestova
 
Startside
Hansestova
Gamlestova
Olastova
Astridstova
Jørnstova
Perstova
Ytre Fure 1
Ytre Fure 2

 

Utskriftsvennlig versjon her

Kor budde dei ulike generasjonane?
Dei eldste generasjonane er vi litt usikre på kvar dei budde i desse husa.
Men etter som vi veit at Hansestova blei bygd ut i 1830 åra eller tidleg i 1840 åra, så antas det at det var første eigar ”Bruk 2” - Hans Christopherson (f. 10.02.1816 – d. 28.05.1875 på Indre Fure) som var den som først budde i Hansestova slik vi kjenner ho i dag.  
Før det kan dei ha budd i Gamlestova, Hopestova eller  Øvstestova.

Her følger bilder av husa og skisser, av hus dei har budd i/kan ha budd i. Så kjem ei oversikt over generasjonshistoria slik vi kjenner ho.

 

Gamlestova

Gamlestova til Hansane
stod på ”Nedstetunet” nedanfor Hansestova. Fleire hundre år gamal. Det var ei årestove med ljore i taket. Veit ikkje kva tid ho vart oppsett, heller ikkje kor langt fram i tid dei brukte ho som våningshus. Gamlestova vart riven på slutten av 1950-talet.

   

Gamlestova til Hansane, den som stod på Nedstetunet.
(Etter notat av Else Fure, fortald av Peder Fure) 

Det var ei tømrestove med tregolv i. Ho var ikkje bordkledd. Det var bygt attåt ein gang uttafor, av stavverk, med dør midt i ramen og lem oppå. Det var nedrotna, så Hans bygde til att dette rommet, og så la han helletak på huset. Før var der torvtak. Dette var truleg i 1912. 

Der hadde vore ljore i taket, men han var vekke, og ljoreholet stod der. Før hadde der vore åre midt på golvet i stova og røyken gjekk opp gjennom taket. Det var Søren Flødenesa som bygde grua og murte opp skorstein som gjekk opp frå grua.

Det er ingen som veit kor gamal stova var. Men ho hadde vore flytt, for stokkane var merkte. Då ho vart vølt i 1912, var tømmeret svært nedslite på utsida, av mått og av ver. 

Det var her dei turka korn, og her stod turkegryta (som dei tørka korn i før maling). Elles var hummarteinene her og hummartynnene og mykje anna som høyrde sjødrifta til, oljeklede og støvlar, pilkar, diverse verktøy. Alt dette med unntak av teinene og tynnene, var å finne i gangen. Der hadde Kristoffer også fyrlampen til motoren.  

Karane brukte mykje å stå og sjå i veret kring gamle stove veggene. I vesta ver stod ein inna i stova, i austleg ver utta i stova, i livd for vinden.  

Slipesteinen stod inna i stova, og om sommaren hekk ljå og langorvar på veggen i inste ramen. 

Vegen kom til Fure i 1967, og Far meiner stova vart riva nokre år før dette.

 

Øvstestova

Øvstestova til Hansane
Ho er eine høgda av Hopestova. Veit ikkje kva tid Øvstestova vart oppsett, men ho var der før Entse (f. 1877) si tid. Andre halvparten av Hopestova vart også flytt og vart til instestova/insteenden av Perstova, som vart bygd i 1869. Delinga og flyttinga av Hopestova kan ha vore gjord då Perstova vart bygd, i så fall vart Øvstestova oppsett 1869/70. Flyttinga kan også ha vore gjord tidlegare. Dette er det dessverre ingen som veit noko om. 

 

Hopestova/børsstova/glasstova
var eit hus i to høgder som stod mellom noverande Hansenaustet og Perstova. Huset vart delt. Eine høgda er i Øvstestova til Hansane, den andre er instestova i Perstova. 

 

   
(Autominiatyrbilder - klikk og sjå i stort format)

             

 

 

 1. generasjon på fure av hestenes slekta

Christopher Hansson Fure
frå Hestenes (f. 1711 – d. 19.04.1795 på Indre Fure)
gift med (hans 1.ekteskap)

Ane Josefsdatter
(Var søskenbarnet til Christopher.
Foreldrene var Brite Pedersdatter fra Hestenes og Josef Rasmusson, Indre Fure)
frå Indre Fure
(f. 1704 – d. 17.09.1747 på Indre Fure)

Barn

Født

Død

Bosatt

Gift

Gift med

Født

Død

Dorthe

28.04.1737

1737

 

x

x døde 11 veker gammel

 

 

Dorthe

08.06.1738

8.04.1812

Djupedalen

1763

1 Mons Monson

1739

1765

 

 

 

Djupedalen

13.09.1767

2. Erik Jacobsen

1731

 

Brite

08.10.1739

14.05.1801

Hoddevik

13.01.1764

Peder Haldorson

1737

1799

Rachel

30.06.1742

08.04.1812

Bortne

28.07.1776

Joseph Paulson  Pileberg

1737

1833

Josef

07.06.1743

13.05.1819

Grytting

24.10.1795

Synnøve Hansdatter

1763

1854

Troels

17.09.1747

29.09.1747

 

x

x døde 12 dager gammel

 

 

 

(Frå 2.ekteskap)
Gift 13.07.1749
med

Ragnhild Andersdatter

frå Hoddevik (f.1723/1732 - d.22.12.1805)

Barn

Født

Død

Bosatt

Gift

Gift med

Født

Død

Anders

1750

1750

 

x

x døde 8 dager gammel 12/7-1750

 

x

Peder

1752

1752

 

x

x døde 8 dager gammel 30.01.1752

 

x

Ane

1754

1754

 

x

x døde  9 dager gammel 17/3 1754

 

x

Ane

12.02.1755

1824

Ervik

20.07.1777

Paul Pederson, født på Drage

1736

1812

Hans

18.11.1758

23.12.1843

Indre Fure

06.08.1786

Magdeli Knudsdatter

1760

1824

Joseline

27.02.1761

02.08.1805

Indre Fure

x

Døv, blei 44 år gammel

 

x

  

2. generasjon på fure av hestenes slekta

”Gamle Hans”
Hans Christopherson
frå Indre Fure (f.18.11.1758 - d.23.12.1843 på Indre Fure)
gift med

Magdeli Knudsdatter

frå Ervik(f. 14.11.1960 - d. 21.05.1824 på Indre Fure)

Barn

Født

Død

Bosatt

Gift

Gift med

Født

Død

Christopher

10.08.1788

05.07.1861

Indre Fure

02.07.1811

Magdeli Olsdatter Ervik

1787

1859

Marthe     

30.05.1791

 

Ervik

15.07.1810

Ola Olson

1784

1840

Ragnhild

17.04.1794

 

Drage

11.06.1815

Hans Samundson

1787

1870

  

3. generasjon på fure av hestenes slekta

”Gamle Christoffer” eller ”Gamle Furen”
Christopher Hansson
frå Indre Fure (f.10.08.1788 - d. 5.07.1861 på Indre Fure)
gift 21.07.1811 med

Magdeli Olsdatter Ervik

frå Ervik(f. 12.10.1787 - d. 02.05 (18.09?)1859 på Indre Fure) 

(Desse to var søskenbarn: Far til Magdeli, Ole Knudson og mor til Christopher, Magdeli Knudsd. var søsken, og foreldrene deres var Knut Olson og Marthe Pedersdatter i Ervik.) 

Barn

Født

Død

Bosatt

Gift

Gift med

Født

Død

Mette

09.10.1812

19.10.1812

 

x

 x

x

 

Magdeli

12.05.1814

19.05.1814

 

x

 x

x

 

Hans

10.02.1816

28.05.1875

Indre Fure

19.08.1838

Entse Jonsdatter Liseth

1815

1898

Martha

25.02.1818

10.04.1845

Salt

20.08.1837

Hans Hanson

1810

1882

Ole(Ola)

29.05.1821

09.07.1896

Indre Fure

10.08.1845

Sara Pedersdatter Y Fure

1823

1910

 I 1850  kjøpte Ola heile Indre Fure og selde halve bruket til broren Hans. Ola bruk 1, Hans bruk 2. Ola sin son, Peder Ananias Olsson, delte sin part igjen mellom sine to sønner Ola og Hans.

 

            Litt om delinga av husa her

Før og etter utskiftinga
Utskiftinga gjekk føre seg omkring 1890. 

Gamlestova til Hansane
stod på ”Nedstetunet” nedanfor Hansestova. Fleire hundre år gamal. Det var ei årestove med ljore i taket. Veit ikkje kva tid ho vart oppsett, heller ikkje kor langt fram i tid dei brukte ho som våningshus. Gamlestova vart riven på slutten av 1950-talet.

Hansestova
Kan ha vore bygd ut i 1830 åra eller tidleg i 1840 åra. Påbygd i høgda, i si noverande form, fyrst på 1920 talet. 

Hopestova/børsstova/glasstova
var eit hus i to høgder som stod mellom noverande Hansenaustet og Perstova. Huset vart delt. Eine høgda er i Øvstestova til Hansane, den andre er instestova i Perstova. 

Øvstestova til Hansane
Ho er eine høgda av Hopestova (sjå ovanfor). Veit ikkje kva tid Øvstestova vart oppsett, men ho var der før Entse (f. 1877) si tid. Andre halvparten av Hopestova vart også flytt og vart til instestova/insteenden av Perstova, som vart bygd i 1869. Delinga og flyttinga av Hopestova kan ha vore gjord då Perstova vart bygd, i så fall vart Øvstestova oppsett 1869/70. Flyttinga kan også ha vore gjord tidlegare. Dette er det dessverre ingen som veit noko om. 

  

Det er her gjort eit forsøk på å sette opp slektene frå kvart hus. Hadde vært flott om det blei sendt inn korrigeringer hvis det fins. Ellers er det fritt for å sende inn historie om husa ein kjem frå, bilder av nemde personar, bilde av hus frå gamal tid. Oppdateringer av slektsgreinene er spesielt ønska. Det blir mange nye ledd etter kvart.

Meld gjerne inn email adresser også på denne sida: ..\..\Email liste\Email adr.htm