Kor budde
dei ulike generasjonane?
Dei eldste generasjonane er vi litt usikre på kvar dei budde i desse
husa.
Men etter som vi veit at Hansestova blei bygd ut i 1830 åra eller tidleg i
1840 åra, så antas det at det var første eigar ”Bruk 2” - Hans
Christopherson (f. 10.02.1816 – d. 28.05.1875 på Indre Fure) som var den som
først budde i Hansestova slik vi kjenner ho i dag.
Før det kan dei ha budd i Gamlestova, Hopestova eller Øvstestova. Sjå
sida om Gamlestova.
Her er
historia om Hansestova. Så kjem ei
oversikt over generasjonshistoria slik vi kjenner ho.
Hanse
stova

husets
historie
Huset kan ha vore bygd ut i 1830 åra eller tidleg i 1840 åra. 1912
påbygd i lengda. Påbygd i
høgda, i si nåverande form, først på 1920 talet.
Henry fortalte en gang at det lille utbygget på nordsida av kjøkkenet var
bygget av ham. Han var født i 1905, og man vil anta at det skjedde mot
slutten av 20-åra en gang. Han bygde også utedoen oppe ved fjøset på den
tida.

Første
eigar Bruk 2 - hansestova
Hans Christopherson
frå Indre Fure (f. 10.02.1816 – d. 28.05.1875 på Indre Fure)
gift 19.08.1838 med
Entse Jonsdatter Liseth
frå Liset?( f. 28.01.1815 - d. 14.12.1899 på Indre Fure)