Ytre Fure 1
Her er det 2 dokumenter for dei som vil skrive ut sida.
Startside
Hansestova
Gamlestova
Olastova
Astridstova
Jørnstova
Perstova
Ytre Fure 1
Ytre Fure 2

 

 

 

         

     

 

 

 

Bøen på Ytre Fure - bruk 1

Husets historie
Slekta på Ytre Fure, Bøen. Bruk 1.

Han som eigde bøen på Ytre Fure, måtte ha tjenestejente og dreng.

Ola Pedersen Fure eigde Ytre Fure før, kjøpte Åsmundsneset 1891, men flytta i 1892 frå Ytre Fure. Selde Ytre Fure 1897 til Johanne Fure og Peder Pedersen Skårbø, så dei pakta nok garden før dette.

Johanne Elene født Engeset kom til Ytre Fure i 1892. Før ho kom til Ytre tente ho på Åsmundsneset, ho var født i ca 1862. Drengen som kom til gards var han Peder Skårbø fra Drage. Dei vart eit par der ute på Ytre Fure, og fekk bygd seg opp fjøs og hus på Bøen. 

Johanne Elene og Peder fekk 3 jenter. Siste jenta, Petra, blei fødd 1900, og faren døde i 1899 før ho kom til verda.

Så kom Mathias Monsen, fra Drage, og skulle hjelpe ho Johanne Elene som dreng. Det endte ikkje verre opp enn at dei blei eit par. Dei fekk ei jente som het Martha i 1903. 

 Johanne Elene, hadde 5 barn. 1 barn før ho blei gift med Peder, den sonen het Anton, faren var svensk. Dei skulle gifte seg, men han blei vekk i Bergen då dei var der på handel før bryllupet. Det meinest på at det kanskje det kom noke til han eller kan hende han valgde det sjølv.

3 barn fekk ho med Peder Skårbø og 1 med Mathias Monsen Dragøy.

Bygde lada i 1908 -  huset bygd i 1909. Livsgrunnlaget låg i kyr, sauer, geiter, høner og gris. Dei fekk meir for sauekjøt enn geitekjøt. Ellers dyrka dei poteter, korn, gulrot, kålerabi og løk.

 Peder og Kristian var brødre, og dei blei gift med kvar si søster, og dreiv gården saman. Dei fekk kvar sitt jentebarn også.

 Martha og Kristian blei gift i 1929 og Peder og Petra gift i 1935.

Johanne blei født 1936 i stovene på Ytre Fure. Då satt Martha på fjellet og gjette kyrna, og Kristian var ein glad onkel som gjekk opp på fjellet for å fortelle Martha at ho var blitt tante. Dei var så glade! Martha og Kristian fekk ei datter, Marry, så kom 3 år seinare. 

 Ungane hjalp til tidlig – var flink til å spinne, strikke og hekle. Skulevegen var lang for skulebarna på Indre og Ytre Fure den tida, og farleg. Dei byttest på kvar dei skulle ha undervisning. Nokre veker var det på Ytre Fure og så på Indre Fure når læraren var der. Dei hadde fjøslykt med seg når dei gikk stranda til skulestova på Fure. Når det var is, så fekk dei sokkar utanpå skoa, så dei ikkje skulle gli på isen.

Hanne og Asbjørn besøkjer Ytre Fure så ofte dei kan.

 

 

Det er her gjort eit forsøk på å sette opp slektene frå kvart hus. Hadde vært flott om det blei sendt inn korrigeringer hvis det fins. Ellers er det fritt for å sende inn historie om husa ein kjem frå, bilder av nemde personar, bilde av hus frå gamal tid. Oppdateringer av slektsgreinene er spesielt ønska. Det blir mange nye ledd etter kvart.

Meld gjerne inn email adresser også på denne sida: ..\..\Email liste\Email adr.htm